SØKNADSKRITERIER FOR Å SØKJE STØNAD FRÅ OSTERFJORD NÆRINGSSAMARBEID:

Vilkår for å søkje tilskot frå Osterfjord Næringssamarbeid er at prosjektet skal vere i tråd med fylkeskommunen sine mål og strategiar for innovasjon og næringsutvikling. 

  • Formål

Tilskot skal bidra til næringsutvikling i ein av dei tre kommunane eller i eit samarbeid mellom kommunane i regionen. 

  • Kven kan søkje stønad?

Etablerarar, bedrifter og næringsaktørar. Næringsaktørar vert definert som ein aktør som legg til rette for og/eller gjev støtte til næringsutvikling. 

  • Kva tiltak kan få tilskot?

Tiltak som fremjar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensiale. Målsetjingar under punkt 7. vil være styrande. 

  • Kor mykje kan ein vente å få i tilskot?

Maksimal støttedel kan være inntil 50 % av godkjent kostnadsoverslag til prosjektet. 

  • Open søknadsfrist. Søknader vert handsama innan 3 månader etter dei er mottatt.

Søknaden må innehalde: 

  • Ei omtale av tiltaket det blir søkt støtte til, inkludert målsettingar for tiltaket og ei beskriving av kva relevans tiltaket har for formålet med tilskotsordninga.

  • Plan for gjennomføring, beskriving av aktivitetar, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar

  • Beskriving av forventa resultat og effekt av prosjektet.

  • Budsjett og finansieringsplan.

  • Søknadssum

  • Andre relevante opplysningar søkjar meiner er viktige for søknaden