eidsfjorden.jpeg

Om oss

Osterfjord Næringssamarbeid vart etablert i 2001 og er ein organisasjon som samarbeideidar om regional næringsutvikling i kommunane Osterøy, Vaksdal og Modalen. Idéen er at samarbeidet skal byggje vidare på det lokale næringsutviklingsarbeidet som skjer i kvar av kommunane.

Det er eit ynskje å skape møteplassar og samarbeidsarenaer for lokale verksemder slik at dei gjennom samarbeid kan tilby flotte og spanande opplevingar både innan kultur og natur, utvikle ei merkevare og sette regionen på turistkartet.

Regionen har mykje å by på; vakker natur, vakre grender, fjord og fjell, spanande kulturminne, lokalhistorie og lokal kultur m.m. Eit landskap med store variasjonar.

Vestland fylkeskommune er ein viktig samarbeidspartnar for Osterfjord Næringssamarbeid kor fylkeskommunen også bidrar med finansiering. Partane har inngått partnarskapsavtale der ein viktig del av samarbeidet er å stimulera til næringsutviklingsarbeid på tvers av kommunegrensene for å utnytte regionen sitt samla vekstpotensiale.

Deltakarar i ONS:

Osterøy: Åse Nilssen, arbeider som sekretær for Osterøy Industrilag og har også sekretariatet for ONS.

Vaksdal: Vidar Skeie, tilsett som dagleg leiar i Vaksdal næringsselskap AS.

Modalen: Ove Sæbø, tilsett som ass. rådmann i Modalen kommune.

Ordførarane i kommunane Osterøy, Modalen og Vaksdal får innkalling til Fellesmøtet der dei har møte- og talerett.