FJORD- OG FJELLBYGDESAFARI I OSTERØY, VAKSDAL OG MODALEN

Eit samarbeidsprosjekt som skal bidra til lokalsamfunnsutvikling og reisemålsutvikling i Osterfjordregionen.

Osterfjord Næringssamarbeid er ein organisasjon som jobbar med næringssamarbeid i kommunane Osterøy, Vaksdal og Modalen, og dei ynskjer å bidra til lokalsamfunnsutvikling og reisemålsutvikling i Osterfjordregionen.

Handelsstadane/ butikkane og lokalmiljøet som ligg nær bryggene og i fjellbygdene i desse tre kommunane skal være utgangspunktet for lokalsamfunnsutvikling og reisemålsutvikling i dette prosjektet.

Det er eit ynskje å skape møteplassar og samarbeidsarenaer for lokale verksemder slik at dei gjennom samarbeid kan tilby flotte og spanande opplevingar både innan kultur og natur, utvikle ei merkevare og sette regionen på turistkartet.

Regionen har mykje å by på; vakker natur, vakre grender, fjord og fjell, spanande kulturminne, lokalhistorie og lokal kultur m.m. Eit landskap med store variasjonar. Og ved å gjera desse stadane attraktive for både innbyggarar og reisande er ynskje at det også skal være mogeleg å få til ei eller fleire båtruter på fjordane som knyter saman desse destinasjonane.                                         

Eit av hovudmåla for dette prosjektet vil være å få til ei berekraftig lokalsamfunnsutvikling og destinasjonsutvikling som skal vidareutvikle dei unike ressursane som det allereie er mange av i regionen, og slik skape spanande og marknadstilpassa reiselivsprodukt og -tenester.

Regionen har mange små aktørar som driv turismebasert, men kvar for seg har dei kanskje ikkje dei nødvendige ressursane som skal til for bli synlege og attraktive verken i regionen eller nasjonalt/internasjonalt. Difor ynskjer me at aktørane skal få til eit samarbeid for å skapa turismebaserte opplevingar i dette prosjektet.

Samarbeidspartnarar i prosjektet er:

Osterøy:

  • Nærbutikken på Bruvik

  • Nærbutikken Tyssebotnen

  • Mjøsvågen Landhandleri

Modalen:

  • Coop Marknad Modalen

  • Coop Marknad Øvre Helland

Vaksdal :

  • Joker Stamnes

  • Eksingedalen Snarkjøp

  • Coop Marked Stanghelle

Mål for prosjektet er:

Å skape møteplassar/ samarbeidsarenaer for lokale aktørar og bedrifter slik at dei gjennom samarbeid kan tilby flotte og spanande opplevingar både innan natur og kultur.

Å få til ei berekraftig destinasjonsutvikling som skal vidareutvikle dei unike ressursane som allereie er i Osterøy, Modalen og Vaksdal.

Å jobbe med nettverksbygging som fører til auka kompetanse, kunnskap og profesjonalisering blant aktørane innan lokalsamfunnsutvikling og reiseliv gjennom berekraftig produktutvikling.

Å gjera kommunane meir attraktiv for innbyggjarane og for tilflytting.

Å gjera kommunane meir attraktiv for turisme og bidra til at mange fleire turistar besøkjer regionen.

Å etablere samarbeid med Region Bergen/visit Bergen for slik å arbeide strukturert og profesjonelt med å utvikle merkevara Fjord- og fjellbygde-safari i Osterøy, Vaksdal og Modalen.  

Til slutt så ynskjer me at resultata frå dette prosjektet vil syna ei auke i næringsutvikling innan reiseliv og ei auke i besøkjande til desse kommunane. Dette kan me oppnå gjennom ei grundig marknadsføring for å setja denne regionen på turistkartet.